Helge Haugsgjerd ART

Meir om jakta på Helge Haugsgjerd

by haugland Friday, Sep. 24, 2010 – 22:32:03

Anne Haugsgjerd, som eg snakka med i telefonen tysdagskvelden i Valle Radio, kom til Valle torsdag ettermiddag. Like etter klokka fire fekk eg ein telefon frå henne, då var ho på biblioteket, så eg tok turen dit og trefte henne. Ho hadde med seg ei anna dame som hjelpte henne som sekretær med å samle trådar ho eventuelt kunne fange opp, og det gjekk ikkje lenge før vi var i god prat.

Ho hadde nok trudd at etterlysinga i Setesdølen og i Valle Radio ikkje ville gje særleg mykje og vart difor nokså overraska då eg kunne fortelje at eg hadde informasjon både om huset der ho vart fødd og om folk som hugsa Helge og Bianka Haugsgjerd. Eg hadde nytta onsdagen til å ta ein telefon til Kjetil Rike, og han hugsa dei, men fortalde at "Sigrid okkos" nok hugsa dei betre. Så eg tok ein telefon til Sigrid Rysstad og, dermed var det nok å nøste i. Men ho meinte at Birgit Rike Lund, syster hennar i Farsund, visste meir, for både ho og Signe Lund hadde vore på besøk hos den unge kona fleire gonger.

Dette fortalde eg til Anne Haugsgjerd, og sekretæren noterte ivrig. Deretter tok eg ein telefon til Sigrid att, ho hadde fått blod på tann og snakka med mange om dette. -Det er noko interessant, sa ho, så då eg spurde om dei to damene kunne kome opp til henne og vise henne nokre bilete, var det ikkje nei i hennar munn.

Men før vi drog opp der, var vi ein tur sør i bygda og såg på huset der ho var fødd. Det er det lange huset like nord for Vallarheim, det står tomt i dag, eigaren Liv Viki Rolfsen bur i Risør. Ho overtok eigedomen, som heiter Nistog Viki etter mora i 2003. Ettersom det stod tomt, tok damene ein tur bortom og såg seg om. Då dei kom tilbake, undra dei seg på om det var nokon som hadde nøkkel, så dei eventuelt kunne kome inn og filme.

Sigrid Rysstad hadde funne fra Norges Bebyggelse, der kunne dei sjå korleis huset såg ut då Helge Haugsgjerd og kona leigde husvære der. Og då Anne kom fram med albumsider ho hadde med seg med bilete av måleri, fann Sigrid bror til bestefaren sin på eit av desse bileta. Det gjorde henne ikkje mindre interessert og engasjert.

Dagen enda med at damene frå Oslo fann seg ein stad å bu i Valle til i dag, dei vona at veret ville verte slik at dei kunne filme, men det vart det jo ikkje. Og så ville dei bruke trådar dei fekk frå Sigrid og neste vidare på dei, kanskje ta ein tur på museet og sjå om det var gamle bilete der.

Men min kontakt med dei var no over, og eg overlet dei til seg sjølve etter å ha opplevd at sendinga tysdagskvelden gav større effekt enn eg hadde tenkt på førehand.

Her er Anne Haugsgjerd på Setesdalswiki:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anne_Haugsgjerd