Helge Haugsgjerd ART

 

Ukjent kunstmålar fram i lyset

by haugland Thursday, Sep. 23, 2010 – 20:58:26

Ikkje mange har høyrt om kunstmålaren Helge Haugsgjerd frå Kristiansand. Men Valle Radio har i alle fall gjort sitt til å presentere han. Det skjedde i eit koordinert presentasjonsopplegg der Setesdølen hadde ein stor artikkel på side 12 i avisa for tysdag 21. september og Valle Radio same dagen hadde eit intervju med Anne Haugsgjerd, dotter hans, som bur på Nesodden.

Helge Haugsgjerd var fødd i 1921 og var bare 22 år då han kom til Setesdal for å måle saman med Harald Lund og andre kunstnarvener. Dette skjedde under krigen, og han var nygift. Dei fekk eit barn, Anne Haugsgjerd. Ho arbeider med film og lagar kortfilmar, og ho arbeider no med filmen Opp og ned er alt abstrakt, som er ein film der ho går i fotefara til far sin.

I sendinga i Valle Radio snakka ho om at ho gjerne kunne tenke seg å få kontakt med folk som måtte ha kjent foreldrene den tida dei budde i Valle, og som eventuelt måtte ha eit måleri faren hadde måla. Anne vart døypt i Valle kyrkje i 1944, ein av fadderane var Birgit Viki. Sidan kom familien tilbake til Valle i 1948 eller 1949 og budde ein periode. Frå den tida har ho nokre minne, mellom anna fortalde ho i radioen om ei oppleving der ho var med då faren var nede ved Otra og malte, og Anne kom til å setje seg i ei maurtue. Det vart ein kald dukkert i elva for å få av seg alle maurane, fortalde ho.

Etter at familien reiste frå Valle, budde dei ein periode på Borøya ved Tvedestrand, der Bianca Haugsgjerd kom frå. Sidan flytta dei til Romerike, der faren nok livnærte seg meir av husmåling enn av kunstmåling. Men for han var det ein kombinasjon som var naudsynleg om dei skulle få pengar til det daglege brød. I åra etter krigen gjekk Helge Haugsgjerd på Akademiet. Deretter fekk han eit stipend som han nytta til å dra til Paris. Impulsane frå Akademiet og studieturen gjorde at målinga hans gjekk frå naturalistisk og kubistisk til abstrakt, og det var han ein av dei fyrste i Norge til å måle. Men det var jo ikkje særleg salgbart. Som etablert kunstnar fekk han bustad i burettslaget Trolltoppen på Bøler i Oslo, og der budde familien sidan. Han døydde alt i 1982, bare 61 år gammal. Kona levde etter han til 2002.

Det meste av dette fekk vi vite i sendinga i Valle Radio tysdagskvelden. Det vart til ein artikkel på Setesdalswiki, sjå  http://www.setesdalswiki.no/wiki/Helge_Haugsgjerd

Anne Haugsgjerd fortalde også at ho dagen etter ville reise til Valle for å sjå om ho kunne treffe nokon som visste noko. Ho blingsa litt på dagen, ho kom fyrst i dag, torsdag, så då vi avtalte å møtast på biblioteket i Valle onsdag ein gong etter klokka 16, vart det vel helst ein liten bomtur for meg å sitje der og vente på henne. Men etter kvart skjøna eg at ho ikkje kom, og tok til å tenkje på det som ho hadde skrive i brevet til Sigurd Haugsgjerd, og som han sende vidare til meg for å bruke som grunnlag for samtalen i Valle Radio, der skreiv ho torsdag.

Men det får eg fortelje meir om i neste blogginnlegg.

Valle Radio small.jpg